Avløysarar i landbruket
![]() | ![]() | |
Me treng framleis fleire!
Landbrukstenester Hordaland har vakse frå å vera eit reint avløysarlag for landbruket til å verta eit vikarbyrå som femner over mykje av næringslivet. Det gjer oss meir fleksible. Me har fleire vikarar på listene. Treng du hjelp i lengre eller kortare periodar i er det berre å ta kontakt, så gjer me vårt beste for å hjelpa til. Det beste er sjølvsagt om du tek kontakt i god tid.
Det er likevel stor trong for helgeavløysinga, og rekruttering til avløysaryrket er eit viktig arbeid. Her treng me all hjelp me kan få. Det er de som er bønder, som kjenner ungdomen i dykkar område, og det er de som må påverka dei i positiv lei. Berre på den måten kan me få ungdom til å vilja vera avløysarar i framtida. Så veit de om aktuelle kandidatar må de ta dei med i arbeidet og få dei interesserte i dyr og gardsarbeid. Me lagar til kurs der det er størst trong og størst interesse.
1. januar 2008 tok me også ansvaret for landbruksvikarane. Sjå artikkel i "Nationen"
Informasjon om kva rettar du har til avløysing i samband med ferie/fritid og sjukdom, finn du i "forskrift om tilskot til avløysing"
![]() | Det manglar avløysarar! Mange stader i Hordaland har bøndene vanskeleg for å få tak i avløysarar. I denne artikkelen set Bergens Tidende fokus på problemet. |





