- Me kjenner dei du treng, og skaffar trygg og påliteleg arbeidskraft!

Viktig informasjon

  • Vakttelefon
    for akutt avløysing
     
  •  07052
  • Lønsdato:
    10.
    kvar månad. 
  • Me må ha UNDERSKRIVNE timelister ei veke før!  
  • Timelistene
    skal sendast til:
    L T Hordaland
    Sjusetevegen 27
    5610 Øystese

Logg inn webtemp

Kundar

Skal du logge inn på di side i webtemp, og godkjenne timeliste eller sjå på eigen status,

klikk her

Tilsette

Skal du logge inn i webtemp for å registrera timar eller korrigera cv etc,

Klikk her

Kontaktinformasjon

Postadresse:
LT Hordaland
Sjusetevegen 27
5610
Øystese

Besøk oss:

I andre høgda på "Fruktlageret" i Øystese


På Landbrukets hus, Kvassnesvegen 15, 5914 Isdalstø

E-post:
post@avloysing.no
Tlf: 415 31 490
Faks: 23 50 28 22

 LT Hordaland vert meir synlege
Marknadsføring er viktig i alle bransjar. For LT Hordaland er det ikkje mindre viktig å få ut den glade bodskapen. Nettsida skal vera vår viktigaste informasjonskanal, og besøkstala har stadig auka sidan den kom "på lufta" i juni i fjor. For å få ut bodskapen er det viktig å vera synlege. No skal den nye bilen, ein Renault Kangoo, fungera som eit rullande reklameskilt. Dagleg leiar Gjermund Stuve i dørgløtten er klart fornøgd med resultatet. Brita Sigrid Klyve bak rattet er ikkje mindre oppglødd. Det er Hardanger Bil AS som har levert bilen, medan Riss Grafisk Formgjeving har stått for dekoren.

 

 

 

 

 

 

 

 

Medlemer sparar 3,5 prosent!
10,6 prosent arbeidsgjevaravgift for alle medlemer i LT Hordaland
Frå nyttår i 2007 vart ordninga med diffrensiert arbeidsgjavaravgift lagt om. Den største endringa gjekk på at det frå den dagen var arbeidsgjevaren si lokalisering og ikkje bustadkommunen til arbeidstakaren som vart avgjerande for satsen.
For vår del har det ført til at medlemene i alle kommunar så nær som Kvam og Granvin får redusert arbeidsgjevaravgifta på avløysar- og andre vikartenester gjennom oss. Innsparinga vert på 3,5 prosent (ned frå 14,1 til 10,6). Dersom dei vel å ordna seg sjølve derimot, får dei ikkje denne innsparinga.
Administrasjonspåslaget vårt er på 3,6 prosent, så me kan faktisk seia at medlemene utanom Kvam og Granvin held seg med gratis avløysarlag. Så det å vera medlem i LTHordaland er god butikk for alle bønder.


LTH ser ljost på framtida!
Fusjonen med Lindås og Meland avløysarlag er no eit faktum, og alle ser fram til eit godt og fruktbart ekteskap. 2007 har vore eit år med mange utfordringar. Me har no vore gjennom eitt år i Landbrukstenester Hordaland. Det har vore eit prøveår på mange måtar, og mykje arbeid har gått med til avvikling av dei gamle laga, og med å få arbeid og rutinar til å "flyta" i det nye. Likevel har me klart å halda resultatet rundt nullpunktet ved årsslutt. Det reknar me som bra, og det er eit godt utgangspunkt for vidare drift. Ei viktig oppgåve i 2008 vert medlemsverving. Det er eit stort potensiale i store deler av området vårt.
LT Hordaland femner no om Hordaland mellom Hardangerfjorden og Masfjorden og aust til og med Modalen og Vaksdal kommunar. Me gjer livet enklare for bonden, og leverer dei rimlegaste tenestene i landet på dette området.
Som dei fleste gjerne har fått med seg, har NLT frå 2008 teke over ansvaret for landbruksvikarordninga.
LTH ynskjer å etablera akuttberedskap i heile vårt område. Dette byr på ein del utfordringar, og me er interesserte i å koma i kontakt med folk som kan tenkja seg å vera med i "beredskapstroppen". Det kan til dømes vera bønder som har ledig kapasitet, eller folk som har turnusarbeid og har høve til å ta andre oppdrag i friperiodar. I tillegg ynskjer me å levera arbeidskraft til ferie og fritid og annan sjukdomsavløysing i heile området. Dette vil ta noko tid, og er avhengige av oppslutnad frå bøndene i heile området. For Lindås og Meland vil kontoret på Manger ha eit særleg ansvar, men det er sjølvsagt berre å ta kontakt med dei andre og.


Forskrifta om den nye landbruksvikarordninga kan du lesa  her

Bilete frå albumet