Leigekøyring og maskinutleige
Her vil me presentera kundar som driv leigekøyring og maskinutleige og fakturerar gjennom LTH. Alle våre medlemer er velkomne til å vera med. Dersom me får mange med på denne sida, kan den verta ein stad der stadig fleire ser innom når dei treng leigekøyring eller maskiner/utstyr.
Alle prisar er eks. mva
| | |
 | Trond Steinstø og Sjur Tarjei Fykse leiger ut ein hendig og effektiv minilastar, Avant 520, med skuffe, gaflar og utskytbar bom, i Kvam. Den kan anten hentast eller leverast. Prisar: Kr.450,-/time, med sjåfør Kr.900,-/dag, utan sjåfør Kr.1400,-/helg, utan sjåfør Levering/henting: kr. 300,- Tlf: Sjur Tarjei: 976 65 655 |
 | Tarjei Aalvik driv leigekøyring med Gafner turrgjødselvogn. Lasset vert pressa framover mot knivane som kastar gjødsla opp til 30 meter til høgre. Ved god konsistens ligg gjødsla som eit lag med finmalen snus utover bakkane, og du får eit svært godt spreieresultat. Prisar: Kr. 550,-/time Tilkøyring kr. 350/time Tlf: Tarjei: 911 05 338
|
| | |
| | |