Landbrukstenester
Hordaland
§ 1 Organisasjon.
Landbrukstenester Hordaland BA. Org.nr. : 971 358 017MVA
nedafor kalla laget, er eit partlag etter samvirkeprinsipp med avgrensa økonomisk ansvar(BA), vekslande kapital og medlemstal. Medlemene hefter berre med sin part for gjelda til laget.
§ 2 Føremål.
Laget si hovudoppgåve er å skaffa kvalifisert arbeidskraft til sine parteigarar/kundar.
Laget kan og administrera andre former for samarbeidstiltak som kan bidra til å styrkja landbruket og vera utviklande for lokalmiljøet.
Laget skal yta tenester av høg kvalitet, vera tilgjengeleg og driva kostnadseffektivt i all si verksemd. Målet er at dette skal bidra til betre driftsresultat, arbeidssituasjon, trivsel og velferd for parteigarane.
§ 3 Ansvar.
Laget skal stå som arbeidsgjevar for dagleg leiar og andre kontortilsette. Dei kan og tilsetje avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter.
§ 4. Parteigarar
Parteigarar kan vera alle sjølvstendig næringsdrivande som eig og/eller driv ein landbrukseigedom.
Kvar eining/føretak kan berre teikna seg for ein part.
Kvar part kostar kr. 200,-. Parten fylgjer eininga/føretaket, og ved eigarskifte vert parten overført til ny eigar dersom ikkje utmelding føreligg.
§ 5. Rettar og plikter.
Parteigarane må til kvar tid retta seg etter lovar og reglar som gjeld for dei tenester som laget utfører, eller som årsmøte eller styret har vedteke. Laget skal så langt som mogeleg prøva å løysa parteigarane sine behov, og gje konkrete svar på spørsmål. Laget skal informera på viktige område gjennom eigne informasjonsskriv.
Når laget lønar ut og står som arbeidsgjevar for arbeidstakarane, er dei automatisk forsikra for yrkesskade og ansvar.
Alle som kjøper tenester frå laget, har ansvar for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen, etter gjeldande reglar i arbeidsmiljølova.
Dei pliktar og å gje informasjon, og opplæring til arbeidstakaren etter gjeldande krav i arbeidsmiljølova.
Parteigarar/kundar som blir påført ansvarsskade, har sjølv det økonomiske ansvaret for eigenandelen ved forsikringsoppgjer. Skaden må skuldast aktløyse frå arbeidstakaren si side.
§ 6 Utmelding/Eksklusjon.
Parteigarar bind seg frå innmeldingsdato, og til 31.desember same år. Seinare følgjer parten kalenderåret. Utmelding skal skje skriftleg til styret innan utgangen av oktober månad.
Parteigarar som bryt vedtektene eller føresegner som er gitt i medhald av desse, eller på annan måte forsømmer sine plikter ovafor laget, kan ekskluderast frå laget. Styret kan fremja slikt krav. Dei kan og fremja krav om skadebot for dei tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret handsamar saka, skal parteigaren ha skriftleg varsel, og få høve til å uttale seg innan ein rimeleg frist. Parteigaren kan anka styrevedtaket inn for årsmøtet.
Ved utmelding har parteigar rett til å få betalt attende sin partskapital. Denne vert ikkje utbetalt ved eksklusjon . Innbetalt administrasjonsavgift vert ikkje betalt attende. Det kan heller ikkje stillast krav om del av laget si eiga (formue). Utmeldt/ekskludert parteigar kan ikkje ha tillitsverv i laget.
§ 7 Årsmøtet.
Årsmøtet er laget sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan
utgangen av april. Årsmøtet er samansett av 16 representantar valde av
krinsmøte.
Styret er automatisk utsendingar med røysterett til årsmøte, unnateke ved godkjenning av årsmelding og rekneskap. Valnemnda er utsendingar utan røysterett til årsmøte.
Innkalling og sakliste skal kunngjerast for dei valde
representantane minst 14 dagar før årsmøtet.
Saker som ein parteigar ønskjer å ta opp på årsmøtet, må vera komne
skriftleg til styret innan 1.februar.
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av
medlemene krev det.
Kvar representant har 1 røyst. Representantane kan møta med skriftleg
fullmakt, men ingen kan møta med meir enn ei fullmakt.
Gyldig vedtak krev vanleg fleirtal, dersom ikkje vedtektene krev noko
anna. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si dobbelrøyst, unnateke ved
personval der utfallet vert avgjort ved loddtrekning.
Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av to
representantar valde av årsmøtet.
På årsmøtet skal følgjande saker handsamast:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Godkjenning av fullmakter
3. Val av møteleiar.
4. Val av skrivar.
5. Val av to representantar til å skriva under møteboka.
6. Styret si årsmelding.
7. Rekneskap og revisjonsmelding.
8. Budsjett for komande år, til orientering.
9. Godtgjersle til tillitsvalde
10. Val:
- val av styreleiar for 1 år.
- val av 2 styremedlemer for 2 år.
- val av 5 personlege vararepresentantar til styret for 1 år.
- val av nestleiar
- val av revisor
- val av 1 medlem og 4 varamedlemer til valnemnd
11..Andre saker som er med i innkallinga.
På krinsmøte skal følgjande saker handsamast:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av møteleiar.
3. Val av skrivar
4. Val av to til å skriva under protokollen.
5. Gjennomgang/drøfting av årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og budsjett.
6. Val av utsendingar til årsmøte.
7. Andre saker som står på innkallinga
§ 9 Styret.
Laget skal leiast av eit styre på 6 medlemer. 5 blir valde på årsmøte, 1 skal veljast av og blant dei tilsette.
Representanten frå dei tilsette kan ikkje veljast til styreleiar eller nestleiar i styret. Det skal veljast ein styremedlem frå kvar krins, totalt fire. Styreleiar blir valt fritt. Styremedlemene vert valde for 2 år om gongen.
Styret held møte så ofte leiaren finn det naudsynt eller minst tre av medlemene i styret krev det. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Har ein styremedlem forfall, skal dette meldast til laget i god tid, slik at varamedlem kan innkallast. Ved likt stemmetal avgjer leiaren si dobbeltrøyst.
§ 9.1 Oppgåvene til styret.
Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet har gjort, og skal følgje dei instruksar som er fastsette av offentleg styresmakt. Styret skal kartleggja, organisera og administrera all utleige/formidling av arbeidskraft slik at parteigarar/kundar får tenlege løysingar.
Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd vert utført på ein forsvarleg måte. Styremedlemene kan påleggjast teieplikt i enkeltsaker.
Vidare skal styret:
1. Ha ansvar for at laget har tilfredsstillande økonomi, og om naudsynt fastsetje administrasjonsavgift.
Forvalta laget sine midlar og leggja fram forslag om bruk av disponible midlar.
2. Førebu og gje innstilling i alle saker som skal leggjast fram for årsmøtet. Unnateke valnemnda sine oppgåver.
3. Syte for at rekneskapen er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande reglar.
4. Ha ansvar for laget si årsmelding.
5. Budsjett for komande år.
6. Tilsetje og seie opp personale, og fastsetja løn og tilsetjingsvilkår.
7. Ha ansvar for at administrasjonen har ei bemanning og kompetanse som står i forhold til arbeidsoppgåvene.
8. Arbeida aktivt for å utvikle laget vidare, slik at parteigarar/kundar alltid får dei tenester dei har behov for.
9. Samarbeida med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogeleg, og for å styrkje landbruket i lokalmiljøet.
Styreleiar og ein styremedlem bind laget med sine underskrifter. Styret kan gje prokura.
Det skal førast protokoll frå styremøta. Styreprotokollen skal sendast ut til styremedlemene og vararepresentantane innan 14 dagar etter kvart møte.
§ 10 Krinsstyret.
Kvar krins skal ha eit krinsstyre på 3 tillitsvalde, - som er krinsen sin styremedlem og vararepresentant, - og 1 frå dei tilsette i krinsen.
Krinsstyret skal fungera som styret sin forlengja arm i krinsen, og ta initiativ for å utvikle laget vidare i samråd med styret. Krinsstyret har rapporteringsplikt til styret. Den valde styremedlemmen er leiar i krinsstyret.
§ 11 Valnemnd.
Laget skal ha ei valnemnd på fire medlemer, ein frå kvar krins. Valet gjeld for 4 år. Det går ut ein kvart år. Den som har sete lengst, fungerer som leiar. Det skal kvart år veljast fire varamedlemer til valnemnda.
Medlemen og varamedlemen frå kvar krins utgjer krinsvalnemnder som er underlagde valnemnda.
Valnemnda skal føreslå kandidatar til alle val, inklusive valnemnd, som skal haldast på årsmøtet, med unntak av revisor. Revisor skal veljast etter innstilling frå styret. Valnemnda skal innstille på godtgjersle til tillitsvalde. Årsmøtet kan fastsetja instruks for valnemnd.
§ 12 Tvistar.
Tvist mellom laget og ein eller fleire av parteigarane som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift).
Skilsdomstolen er samansett av 3 medlemer. Kvar av partane vel ein medlem, og sorenskrivaren i distriktet nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge av partane innan ein frist som er fastsett av styret ikkje har oppnemnd sin medlem, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren.
Kravet om skilsdom må vera kome inn til styret innan 3 månader etter at parteigar har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet.
Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader.
§ 13 Vedtektsendring.
Endring av laget sine vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Endring krev 2/3 fleirtal av røystene på årsmøtet.
§ 14 Oppløysing - Fusjon.
Vedtak om oppløysing av laget vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal av dei røysteføre på møtet. Det årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing, skal velje eit avviklingsstyre.
For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre.
Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøte, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev då simpelt fleirtal av røystene frå dei røysteføre på møtet.
Vedtektene er godkjend av årsmøte/skipingsmøtet den: 30.3.2007, endra på årsmøte 28.4.2008, endra på årsmøte 1.4.2011


