Bruk elektroniske timelister!
- Me har no teke i bruk eit nytt datasystem som heiter WebTemp. Det gjer oss i stand til å ha mykje betre oversyn over avløysarar og andre arbeidstakarar, og totalt nermar det seg etterkvart 1200 i talet. Eit anna stort framsteg er at det no er mogeleg for arbeidstakaren å leggja inn timane sine elektronisk. Det einaste dei treng er eit passord og ei datamaskin. Linken til området dei skal inn på får dei hjå oss, og så er me i gang, fortel dagleg leiar Gjermund Stuve.
![]() | Oppskrifta er som fylgjer: Send ein epost til rekrutteringsansvarleg Vidar Torsvik på vidar@avloysing.no Der opplyser du om: Namn, adresse, mobiltelefonnummer og epostadresse. Så sender me deg ein link, eitt passord og ei lettfatta rettleiing. |
| Dagleg leiar Gjermund Stuve markerar overgangen til den nye kvardagen med symbolsk å sleppa ei papir-timeliste i bosskorga. | Velkomen til 2012 og... LUKKE TIL!! |
Gratulerer!! Vi kryssar alt vi har og er spente på å høyre LT sine Hordaland sine erfaringar.


11:20

