- Me kjenner dei du treng, og skaffar trygg og påliteleg arbeidskraft!

Viktig informasjon

  • Vakttelefon
    for akutt avløysing
     
  •  07052
  • Lønsdato:
    10.
    kvar månad. 
  • Me må ha UNDERSKRIVNE timelister ei veke før!  
  • Timelistene
    skal sendast til:
    L T Hordaland
    Sjusetevegen 27
    5610 Øystese

Logg inn webtemp

Kundar

Skal du logge inn på di side i webtemp, og godkjenne timeliste eller sjå på eigen status,

klikk her

Tilsette

Skal du logge inn i webtemp for å registrera timar eller korrigera cv etc,

Klikk her

Kontaktinformasjon

Postadresse:
LT Hordaland
Sjusetevegen 27
5610
Øystese

Besøk oss:

I andre høgda på "Fruktlageret" i Øystese


På Landbrukets hus, Kvassnesvegen 15, 5914 Isdalstø

E-post:
post@avloysing.no
Tlf: 415 31 490
Faks: 23 50 28 22

Kjenner du rettane dine ved sjukdom og svangerskap?

11. January, 2012
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)

Vert du sjukmeld kan du ha rett på inntil 1300,- kroner dagen

Du må ha hatt ½ G (kr. 39608,- pr. 1.5.11) i året som næringsinntekt på garden.

Dersom begge ektefellene ha arbeid på bruket er det svært viktig at det vert ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar.

Me ordnar alt papirarbeidet for deg. Ring og spør!

Dersom du er bonde, og vert sjukmeld fins det gode ordningar. For medlemene ordnar me med alt papirarbeidet og søkjer om refusjon.

Avhengig av produksjonen har ein rett på ein viss sum for dagen 7 dagar i veka til å dekkja lønsutgifter. Dette gjeld frå fyrste dag For 2012 er maksimalsatsen kr. 1300,- pr dag. Det er dyretal pr 1/1 som er avgjerande for kor mykje du får dekka, og det er ferie- og fritidstilskotet som gjev grunnlaget.

 

Avløysartilskott

Ferie og fritid for husdyrprodusentar

Veksthusareal for veksthusprodusentar

Maksimalt tilskott til sjukdomsavløysing pr. dag

kr. 5 000-12 000

285-714 kvm

kr. 440,-

kr. 12 001-18 000

715-1071 kvm

kr. 640,-

kr. 18 001-24 000

1072-1429 kvm

kr. 860,-

kr. 24 001-30 000

1430-1786 kvm

kr. 1080,-

kr. 30 001-58 000

1786kvm -

kr. 1300,-

 

Bønder som driv planteproduksjon på friland, og birøktarar har også rett til sjukdomsavløysing i vekstsesongen.
For å rekna ut tilskottet til sjukdomsavløysing gjer du slik:

Produksjon

 

Dekar frukt og bær x

kr. 832,-

Dekar grønsaker og andre frilandsvekstar x

kr. 468,-

Tal bikuber x

kr. 130,-


Deretter ser du i tabellen over og finn ut i kva intervall du hamnar i fyrste kolonna. Då finn du maksimaltilskottet for sjukdomsavløysing i kolonna til høgre.

 

Frå maksimaltilskottet skal det trekkjast, pensjon, løn, sjukepengar og evt. tapt arbeidsforteneste som du får dekka av arbeidsgjevar eller på annan måte. Dette siste kan for mange virka urettferdig, men slik er det.

Frå og med dag 17 går du over på sjukepengar som vert utrekna etter næringsinntekta. Dette er hovuddraga i ordninga.

Ring oss om noko som helst er uklart.

Me er her for deg!

Her finn du skjema for sjukdomsavløysing



Tilbake


Bilete frå albumet