- Me kjenner dei du treng, og skaffar trygg og påliteleg arbeidskraft!

Viktig informasjon

  • Vakttelefon
    for akutt avløysing
     
  •  07052
  • Lønsdato:
    10.
    kvar månad. 
  • Me må ha UNDERSKRIVNE timelister ei veke før!  
  • Timelistene
    skal sendast til:
    L T Hordaland
    Sjusetevegen 27
    5610 Øystese

Logg inn webtemp

Kundar

Skal du logge inn på di side i webtemp, og godkjenne timeliste eller sjå på eigen status,

klikk her

Tilsette

Skal du logge inn i webtemp for å registrera timar eller korrigera cv etc,

Klikk her

Kontaktinformasjon

Postadresse:
LT Hordaland
Sjusetevegen 27
5610
Øystese

Besøk oss:

I andre høgda på "Fruktlageret" i Øystese


På Landbrukets hus, Kvassnesvegen 15, 5914 Isdalstø

E-post:
post@avloysing.no
Tlf: 415 31 490
Faks: 23 50 28 22

Treng du praktikant på garden?

19. October, 2011
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)

Med ein praktikant kan du få god hjelp på garden samstundes som du er med på å sikra rekrutteringa både til avløysaryrket og jordbruket elles. Det er gode tilskotsordningar, og god oppfylgjing.

   

Hovudmålet med praktikantordninga er å sikra rekruttering til landbruket og andre landbruksrelaterte næringar.

Praksisverten skal gje praktikanten mest mogleg allsidig opplæring innan den næringa han/ho driv. Døme på stader ein kan arbeida som praktikant i landbruket er gardsbruk, gartneri, skogbruk eller nye typar tilleggsnæringar. Ordninga er meint å gjera det mogeleg for ei breiare gruppe å få landbrukspraksis. Det er ikkje alle som er frå gard og har fått arbeid og årsrytme inn med morsmjølka.

Gjennom organisering og økonomisk stimulering skal ordninga bidra til å gje fleire høve til å få praksis i landbruket. I tillegg til tradisjonelt jord- hage- og skogbruk, kan også nye næringar innan landbruket koma inn under ordningen. Det er ynskelig at det vert lagt til rette for ein allsidig praksis, til dømes ved at to eller flere praksisvertar går sammen om ein praktikant. Praktikanten skal i løpet av praksisperioden få kjennskap til landbruksarbeid gjennom teoretisk opplæring, rettleiing og praktisk arbeid.

Målgruppa er personer i alderen 16 - 30 år som ynskjer praksis og utdanning innan landbruket.

Kan du tenkje deg å vere praktikant, eller å ha ein på garden kan du ta kontakt med oss i LT Hordaland, som kan opprette kontakt mellom gardbrukar og praktikant. Me hjelper dykk òg med utfylling av søknadsskjema.

I Hordaland fylke er det ikkje sett nokon søknadsfrist for ordninga. Søknaden skal sendast til landbrukskontoret i kommunen, men ordninga vert forvalta av landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål. Du kan òg kontakta
Sonja Ramsvik hjå fylkesmannen.



Tilbake


Bilete frå albumet