- Me kjenner dei du treng, og skaffar trygg og påliteleg arbeidskraft!

Viktig informasjon

  • Vakttelefon
    for akutt avløysing
     
  •  07052
  • Lønsdato:
    10.
    kvar månad. 
  • Me må ha UNDERSKRIVNE timelister ei veke før!  
  • Timelistene
    skal sendast til:
    L T Hordaland
    Sjusetevegen 27
    5610 Øystese

Logg inn webtemp

Kundar

Skal du logge inn på di side i webtemp, og godkjenne timeliste eller sjå på eigen status,

klikk her

Tilsette

Skal du logge inn i webtemp for å registrera timar eller korrigera cv etc,

Klikk her

Kontaktinformasjon

Postadresse:
LT Hordaland
Sjusetevegen 27
5610
Øystese

Besøk oss:

I andre høgda på "Fruktlageret" i Øystese


På Landbrukets hus, Kvassnesvegen 15, 5914 Isdalstø

E-post:
post@avloysing.no
Tlf: 415 31 490
Faks: 23 50 28 22

Er du bonde og interessert i deltidsarbeid?

Å vera ein del av arbeidsstokken til Landbrukstenester Hordaland,
kan gje deg ein variert og interessant kvardag


     

Landbrukstenester Hordaland sysselset meir enn 800 personar gjennom året. Organisasjonen er skapt av og for bønder, og det at me no er eit fullverdig  vikarbyrå gjer at me lettare enn nokon gong kan forsyna landbruket med den arbeidshjelpa som trengs.

Samstundes er det slik at mange bønder har strie dagar. Mange må ha fast arbeid utanom garden for å få det til å gå ihop. Me trur at dersom bøndene kunne få vera heime når det trengs og ha nok arbeid utanfor garden i dei periodane då det er mindre å gjera heime, så hadde dei valt det. Dersom våre vyer og voner for framtida slår til, kan dette faktisk verta situasjonen for stadig fleire. Me er interesserte i å koma i kontakt med fleire bønder som kan tenkja seg eit liv som bonde på heimegarden og vikar for næringslivet. Sakte men sikkert ynskjer me å veksa til å verta eit vikarbyrå som sysselset bønder med ledig tid i større grad enn i dag.

I Austerrike har "Maschinenring Austerreich" vakse til å verta det tredje største vikarbyrået i landet, og "Maschinenring Personelleasing" har skaffa seg eit namn som kling godt i øyra hjå næringslivet. Bønder er fleksible og allsidige, og har vorte populær arbeidskraft i Austerrike.

Dersom me steller oss rett kan dette verta tilfelle også her.

Ta kontakt for ein prat om dette høyrest interessant ut.

Bilete frå albumet