- Me kjenner dei du treng, og skaffar trygg og påliteleg arbeidskraft!

Viktig informasjon

  • Vakttelefon
    for akutt avløysing
     
  •  07052
  • Lønsdato:
    10.
    kvar månad. 
  • Me må ha UNDERSKRIVNE timelister ei veke før!  
  • Timelistene
    skal sendast til:
    L T Hordaland
    Sjusetevegen 27
    5610 Øystese

Logg inn webtemp

Kundar

Skal du logge inn på di side i webtemp, og godkjenne timeliste eller sjå på eigen status,

klikk her

Tilsette

Skal du logge inn i webtemp for å registrera timar eller korrigera cv etc,

Klikk her

Kontaktinformasjon

Postadresse:
LT Hordaland
Sjusetevegen 27
5610
Øystese

Besøk oss:

I andre høgda på "Fruktlageret" i Øystese


På Landbrukets hus, Kvassnesvegen 15, 5914 Isdalstø

E-post:
post@avloysing.no
Tlf: 415 31 490
Faks: 23 50 28 22

Rettleiing for utfylling av timelister 
Timelister for arbeid i LTH skal sendast til:
Landbrukstenester Hordaland, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese 
 
LTH har (f.o.m. 01.04.2010) 10. i kvar månad som lønsutbetalingsdato.
NB! Timelistene må vera underskrivne av kunden for at me skal betala ut løn!
Timelistene som skal vere med, må vere postlagde 10 dagar føre utbetalingsdato.
 
Kommentar til ulike punkt på dei 3-lags timelistene som nyttast i LTH:
 

 Kunde/AdresseKunden sitt fulle namn og adresse. Det skal berre vera ein kunde pr. liste
 Arb.takar/adresse
 epost/tlf:
Arbeidstakar sitt fulle namn og adresse
+ evt. epostadresse og telefonnummer
  Oppdraget gjeldHer er det tre boksar det kan kryssast i.
Det skal berre kryssast i ein boks pr. liste
  Avtalt timeløn kr.Fyll ut dette. Dersom det ikkje er utfylt, set LTH ei timeløn ut frå
kjende opplysningar og LTH sin lønstabell.
  Dato:Her fyller arbeidstakaren ut kvar einskild dato han har arbeidd.
  Timar ordinært:Rekn ut dagens arbeidstimar og skriv desse i rubrikken. 
Ta ikkje med overtids- og helgetimar.
  Timar Helg:Dersom arbeidstakaren skal ha helgetillegg for arbeid laurdag, sundag og 
andre helgedagar, skal helgetimane førast berre her og ikkje under ordinært. 
Dersom ikkje anna kjem fram i "merknader" annan stad på lista, eller i
tilsetjingsavtale, fører LTH helgetillegg med 50%.
  Timar overtid: Førast for seg sjølv i denne rubrikken om ikkje anna er avtalt.
  Køyrt kilometer:Skriv opp dei km. til og frå arbeid som du skal ha betalt for. Vanlegvis vil
dette vera ein tur/retur dersom du arbeider både
morgon og kveld.
Det vert
gjeve køyregodtgjersle etter Statens regulativ for alle desse kilometrane.  I Frå+retur og Til+retur fører du opp stadene du har køyrt til og frå. Dette er eit krav frå skattestyresmaktene.
  Merknader:Notér her dersom du har avtalt med kunden annan sats for helgetillegg enn
50%. Andre særlege opplysningar kan også førast opp her.
  Sum: Rekn saman timane for kvar kolonne og  skriv summen
 Det er viktig at både arbeidstakar og arbeidsgjevar skriv under på timelista.
Alle rubrikkane som skal fyllast ut skal vera utfylte av arbeidstakaren før
kunden skriv under.
 Eksemplar nr. 1 skal sendast/leverast LTH
Eksemplar nr. 2 skal kunden ha.
Eksemplar nr. 3 er arbeidstakaren sitt
Dette står også nedst på lista.
 Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf: 415 31 492 eller  415 31 490

Bilete frå albumet